Skip to main content
Bergen Sentrum
Back to calendar

Eikemos leseselskap

Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen

tor 17 des. 18:00 · 2 datoer

Literature writing

Eventim

Each date has its own booking link

Fra 250 kr

Beskrivelse

Eikemos leseselskap

Eikemos leseselskap #1 Om vennskap Velkommen til Eikemos første Leseselskap, eit nytt fellesskap for litteraturinteresserte med forfattargjester, klassikarsamtalar, musikk og opplesingar og mykje meir. Forfattar Marit Eikemo er vertskap og kurator, den litteraturinteresserte multiintrumentalisten Annlaug Børsheim er husband og psykologiprofessor og forfattar Elisabeth Norman er huspsykolog.

Tema for det første leseselskapet er vennskap, og vi gler oss til å snakke med forfattar Hilde Kvalvaag, som er aktuell med den kommande romanen Kvinner som går, om vennskapets sterke og kompliserte plass i kvinners liv. Det handlar om tre kvinner som går frå sørkysten av England til nordenden av Skottland, med årlege etappar over tjue år. Vi følgjer dei gjennom kriser i kjærleiksrelasjonar, med barna og med kvarandre. Ei har eit barn som blir psykisk sjukt, ei forelskar seg i ein ny mann, ei har ein utru mann.Medan dei går tenker og snakkar dei, og kjem til innsikter som påverkar livet. Har ein det eigentleg bra? Kor fri er ein? Bør ein gå frå partnaren? Lever ein eit autentisk liv?

Hilde Kvalvaag har skrive ein roman om korleis kvinner forheld seg til venninner, barn og menn, om lengsler og fridomstrong - og om gleda i det å gå. I løpet av kvelden snakkar vi også - med psykologisk innsikt og litterær teft: Kvifor er vennskap så godt litterært stoff? Og korleis har forfattarar gjennom ulike tider skrive om gode, dårlege og kompliserte vennskap?

Anbefalt, men på ingen måte påkrevd, vennskapslitteratur:

Don Quijote av Miguel de Cervantes

Isslottet av Tajei Vesaas

Mi Briljante venninne av Elena Ferrante

-Og som i eit kvart godt selskap blir det overraskingar, glupe samtalar og høg stemning.

Bli medlem i Eikemos leseselskap og få nyhetsbrev og rabatterte billettar til arrangementa. Det er planlagt 4 arrangement i 2026, med det første 6. mai.

Medlemspris kr 120
Ordinær pris kr 250

Medlemskap teiknar du her! Eg gler meg til løfterike samtalar i godt selskap

Beste helsing Marit

Sist oppdatert 9. okt. 2026

Other dates

Accessibility

No accessibility information provided.

Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen
Øvre Ole Bulls plass 6, BERGEN, NO

Organiser & contact

Organisert av Eventim
Besøk nettsiden

Similar events